Vang Camping
|

N-5747 GUDVANGEN
|

NORWAY
|

Tlf +47 57 63 39 26
|

Mobil +47 412 65 212
|

post@vang-camping.no

Velkommen til opphald på plassen vår!

 Campingen vår ligg vakkert til i storslagen natur midt i
Verdsarvområdet Nærøyfjorden.
 
Adresse: N-5747 GUDVANGEN
Telefon: +47 57 63 39 26
Mobil: +47 412 65 212
 
Siri og Per

OM OSS

 
Vang Camping 1965 -1980
 
Vang Camping 1980 -2004
 
Vang Camping 2008
 
Vang Camping blir no drevet av 3.generasjon. Martin og Marta Larsen starta i 1965 med 2 hytter. Etterkvart som turistane vart fleire, var det naturleg og byggja fleire hytter. Martin (bestefar) var bussjåfør i V.S.G, og hans store lidenskap og hobby var hest.
 
I 1980 overtok Svein og Norunn Larsen (mor og far). Svein vart også bussjåfør, medan Norunn tok seg av campingplassen og 3 døtre. Dei bygde 2 nye hytter, utvida kioskbygget og fekk satt opp nytt vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel. Etter kvar sesong har Svein og Norunn reist til heimbygda til Norunn som er Tistam i Nordfjord. Der har Svein dyrka sin store lidenskap for hjortejakt.
 
Til sesongen 2004 var det tid for yngre krefter. Då overtok Siri og Per Ramsøy,som i dag eig og driv Vang Camping, med 2 born som "assistentar".
 
Under fikentreet er det fint å nyta ein kaffikopp,det kan me takka bestefar for, som planta treet for over 70 år sidan.

Vang Camping
N-5747 GUDVANGEN
NORWAY
Tlf +47 57 63 39 26
Mobil +47 412 65 212
post@vang-camping.no





   
        Rediger